søndag 28. august 2016

Hei!
Då var ferien over for denne gang, og i morgen ventar arbeidsdagen og kvardagen på meg..
Sommaren har ikkje vore for mykje å skryta av om ein ser på kor lite sol og varme me har fått, men slikt er det lite å gjere med. Me får håpe på ein nydeleg haust!
Ferien min har som vanleg gått altfor fort, men eg har kosa meg og prøvd å nyte dagane, med eller utan sol..
 I går var eg med ei veninne til loppemarked på travparken i åsane.
Fant ein ananas lysestake i messing, kjempefin!
Moro å finne gamle ting som er heilt på moten att for ein veldig liten penge. 
 Fekk og med meg ein liten west Germany vase :)

 Det er vel berre å finne fram pledda att(sjøl om dei aldri har vore pakka langt vekke denne sommaren...),no kjem hausten.

No skal eg nyte siste rest av ferien i sofaen
God søndagskveld til deg !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar