søndag 2. oktober 2016

Hei!
Idag var det eit nydeleg haustver og alt eg hadde planlagt å gjere inne vart utsatt, det er viktig å nyte veret ute når det er slik som idag!

 Noko av det beste med søndag formiddagar er det å sitte ute i sola med kaffi og eit interiørblad i fanget..
 Og idag måtte eg ut å gå!
Blei ein tur på Geitanuken, og det gjorde godt for kropp og sjel.
       

Plutselig blei eg så lei av stova mi, og sette igang og rydde og flytte på ting litt.. 

 Bytta ut stålampa mi med ei litt mindre ruvande ei, og det var så mykje bedre!



 På lørdag var eg på loppemarked på Brann stadion, det beste var allereie vekke då me kom, men det er berre pengar spart..
Men eg fant nokre ting som eg likte, blandt anna denne flotte blomsterpotta for kun 5 kr!

God søndagskveld til deg!
Eg kjenner at all den friske lufta idag har gjort med døsig og lat, så blir nok ikkje gjort så mykje meir her ikveld..


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar