søndag 30. oktober 2016

Hei!
Liten tur innom for å gje deg ei oppdatering.
Denne helga tok eg meg eit par feriedagar slik at eg fekk meg ei ekstra god langhelg heime i Gulen. 
Eg har meldt meg på julemesse i november, så då treng eg å tove opp ein del tøflar på lager.

Vinterdekka måtte også på når eg fyrst var heime, her fekk eg ekslusivt publikum..

Tovekjellaren.
Her var det eg tilbrakte mesteparten av tida mi, saman med min assistent (mi kjære mor). 
Me har hatt ei kjekke helg med ull og grønnsåpe i hendene, og innimellom ein liten kaffipause... 
 Så no har eg mange tøflar som må ferdigstillast til julemessa den 13 november.

God søndagskveld!

Ps! Følg gjerne min instagramkonto: @ullkonto_kaffipausen på instagram, her legger eg ut tøflar og anna ullarbeid eg jobbar med! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar