søndag 16. oktober 2016

Hei!
Hausten er ei nydeleg årstid med nydelega fargar, kaldare i lufta og mørketid. Noko som betyr meir innetid og inne aktivitetar, strikketøyet ligg framme, tøflar skal tovast og julepresangar skal planleggast..
 Eg er veldig glad i grønne planter, og det betyr at det er vanskelig å gå forbi gode tilbud på nye grønne venner iblant... Siste tilskudd til plantefamilien her er denne palmen som drikk store mengder med vatn, så håpar eg greier å halde den i live...! 


Framover hausten og vinteren blir det mykje toving og tøffellaging, eg har ein del bestillingar som må bli ferdige og sendt ut, og så har eg og meldt meg på julemesse heime i Gulen i november. Det betyr  nok at stovebordet kjem til å vere fullt av prosjekter og tøflar resten av året...


  
No set eg meg i sofaen og syr såler på eit par tøflar..
God søndagskveld!  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar