søndag 26. februar 2017

Endelig nytt bad!


 Hei!
Ja då var eg endeleg heime att, og badet klart til bruk!
Det har vore stressande og vanskelig å bu vekke så lenge, og ha arbeidarar inne i leiligheita mi som styre på utan at eg har heilt kontroll med kva dei styrar med..
Men no e badet klart! Iallefall nesten, manglar dusjdør som er forsinka og ramme rundt vannsentralen over doen.

 Forskjellen er stor frå 80/90 talls badet med badekar og stråleovn  til 2017 og varmekablar! 
(varmekablane har eg ikkje fått testa endå, då eg må vente i 2 veker før eg kan slå dei på..)
Mykje rot og støv blei det sjølsagt, alle vannrøra i leiligheita blei bytta ut, og dei låg sjølsagt bak kjøkkenet mitt... 
Så heile leiligheita har stått på hodet og var fullstendig nedstøva då eg på tirsdag kunne få flytte heimatte..
                    

                        

                        

Men etter ein lang tirsdag ettermiddag og ellers fleire ettermiddagar denne veka, er no alt nyvaska og reint!
 Dusjdøra kjem ikkje før om ca 2 veker, så eg kjøpte meg ei dusjstang og dusjforheng så eg slepp å sprute vatn over heile badet når eg dusjar..




No gjenstår det å få på plass eit skap over vaskemaskina, så må eg bu meg inn på det nye badet mitt og nyte det!
Det er litt smådetaljar eg ikkje er heilt nøgd med, men det får eg ta neste gang...

Tuusen takk til mi fantastisk gode venninne SIRI som lot meg få bu hos ho i heile oppussingsperioden!

God søndag :)











1 kommentar:

  1. Hei,badet ditt ser kjempe fint ut :) gleder meg til å se det ! super kjekt å ha deg som samboer, var kjempe koselig! Mvh Siri M.

    SvarSlett