onsdag 23. juli 2014

Sommar og sol :) 
Ferien er slutt.. Men prøver å halde på feriefølelsen likevel!
Endeleg har eg kjøpt meg møblar til verandaen min! Og eg var så heldig å finne den sofaen eg har hatt lyst lenge, i billigkroken på IKEA, eit kupp :) Der var det og eit lite brettbord, grei størrelse til meg...
Manglar berre puter, men det fiksar eg sjøl! Skumgummimadrass, stoff og symaskin, så er sofaen klar til utekos. Sjølv om det er nesten for varmt å sitte på verandaen då... 

Innomhus har det gule nashornet fått besøk!
Det gule nashornet er kjøpt på Søstrene Grene, medan dei andre fann eg på TGR..

Dei vaktar over døra mi :)

 Ha ei fin veke! Snart er det helg att ;)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar