torsdag 22. oktober 2015

Oppussing...!

Hei :)
Her går det i oppussing kvar ettermiddag og helg. Så det blir lange dagar, men veldig kjekt no når eg endelig kan sjå enden!
Soverommet er i kveld ferdigmalt i tak og på veggar,  kanskje litt kjedelig med kvitt overalt, men fargar vil eg vente med til eg kan bruke tid på å bestemme meg. 
Eg vil bu meg inn litt inn før fargane kjem på veggen.
Bedre bilder med ferdigmala veggar kjem i neste innlegg!
 Stova er neste prosjekt..
Her er eg i full gang med å fjerne tapeten, den slepper ganske lett når den blir bløyta med vatn. Det er berre den fantastiske bårda som sit godt, forstår ikkje kva som gjorde den så populær ein gang i tida...! 

Planen er å få lagt laminatgolv på soverommet i helga, fant eit som var ganske likt stovegolvet. Aldri lagt golv før, så det blir spennande.
Parketten i stova er ferdig beisa og lakka og ligg for øyeblikket skjult under papp.


God helg til deke!
Oppdatering kjem etter kvart!

2 kommentarer:

  1. Spennende �� gleder meg til å se forskjellen siden sist �� stå på ������ du er flink altså ��

    Klem fra kastehjelpen og veggdestroyeren ��

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei :) Takk!! No går det framover og det er så kjekt!
      Høres ut på navnet som du og driver med oppussing... ;)

      Slett