søndag 21. februar 2016

Nærmar seg!

Hei!
No nærmar det seg ein ende på kjøkkenprosjektet..
 Gipsplatene er på plass, og eg greide det heilt åleine!
Eg har fått litt hjelp til sparklinga og det var veldig kjekt, eg er nemlig ikkje noko ekspert på å sparkle.
 No gledar eg meg til å få pussa ned siste strøket med sparkel og grunne veggar og tak. Snart ferdig med støvet!
Det som er mest kjedelig med sparkling er det å vente på at det skal tørke... Tar så lang tid og eg er utolmodig ;)

Men eg får kose meg med ein rolig søndag, i morgon blir det full jobbing att.
Fin søndag til deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar