søndag 7. februar 2016

Gangen ferdig!

Endelig kom tapeten eg har venta på!
Onsdag kom det meldig om at ein pakke var komen i posten, eg for rett av garde og henta den, pakka opp og starta med tapetisering :)

Tapeten er frå Miss print og heiter Dandelion Mobile Porcelain/Yellow (Bildet er henta frå Tapetorama.no).
 Ein skikkelig retro tapet, og eg diggar den! Sikkert mange som synest den er litt for volsom, men den passer perfekt her hos meg i gangen:) 

No er det att å innrede litt, men dette har ingen hast sjøl om eg har veldig lyst å sette igang å skru opp noko.
 No må eg fokusere på kjøkkenet mitt og la gangen vere så lenge.
Som du ser er det nok å sette igang med her...

God søndagskveld i sofaen!


1 kommentar: