søndag 6. mars 2016

Kjøkkenet er komt!

Hurra :)
Endelig er eg igang med kjøkkenet mitt, noko eg har sett fram til lenge.
Slik såg det ut onsdag ettermiddag då alt kom på døra, stappfullt!
 Eg hadde tatt meg ferie torsdag og fredag for å montere og få gjort mest mulig for å få inn straum og ikkje minst vatn att på kjøkknet så snart som råd.
Desverre kom og ein forkjølelse/influensa samtidig, men greide å oversjå den nok til rydde ut og få opp alle skapstammane.
 Det eg er mest stolt av er at eg greide å sage hol til platetoppen og vannrøret som går gjennom leiligheta heilt åleine! Og det blei bra! :) Eg fekk heldigvis god hjelp meg å løfte på plass den største benkeplata, den var for tung å løfte på plass åleine.

Idag har eg montert litt skuffer, og sett på skiskyting.
Gledar meg til i morgon, då kjem rørlegger og fjerner gamle varmtvannstanken som står i stova og monterer inn ny, og eg får vatn i springen!
No berre kosar eg meg, eg trur dette blir eit bra kjøkken eg :)

God søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar