søndag 20. mars 2016

Påskeferie!

Hei! 

Eg har flytta inn og laga mine fyrste middagar på mitt nye kjøkken denne veka, og er så glad og fornøgd.
 No har eg endelig fått opp lys i taket og tatt vekk den irriterande snublefella med skøyteledning og stålampe. Det meste er komt på plass, kjøkkenvifte, sokkelister og alle skuffer er fyllt opp! Sjølsagt gjenstår det litt arbeid, men no har eg iallefall kjøkken! 
I påska skal eg heim til Gulen og sjekke om eg kan bruke eit gamalt overskap der eg har så lyst på. 
 Handtaka laga eg av lær som eg hadde liggande, og mutrar frå biltema!
 Likar når eg kjem på lure løysingar! Slik som her i den lille plassen som var til overs mellom veggen og skuffeskapet, ei knaggrekke frå IKEA til garderobeskap som går an å trekke ut! 
 Skuffer inni skuffene er ein super ting!
No skal eg jammen ta meg ein glas rødvin og kose meg i sofaen etter dagens innsats! Eg har rydda og vaska heile leiligheta, og funne att både stovebord og gang! Finn.no er så genialt, på eit par timar var eg kvitt det gamle kjøleskapet som stod ute i gangen.

Nyt søndagskvelden du og, det er jo påskeferie!
GOD PÅSKE! 


1 kommentar: