søndag 10. april 2016


 Hei :)
Endelig vår i lufta og eit nydelig ver her i helga. 
Kjøkkenskapet er endelig oppe, det tok nokre dagar før eg var sikker på kva eg syntest om det, men no synes eg det passar perfekt! 
Gledar  meg til å få på dører og hyllene inni. Skyvedørene som eg tok frå eit heilt likt skap, trudde eg skulle passe fint. Men det viste seg å ikkje vere så lett sjølsagt, dei var for høge... Så då må det kuttast litt, men det ordnar seg vel til slutt.

 Mikrobølgeovnen er komt opp på veggen, men eg trur eg må ha ei dør framfor, ikkje så lekkert å kikke rett på eit ope skap med ein gamal mikro..


Føler eg har lov å klappe meg sjøl litt på skuldra for alt eg har fått til, det har tatt tid, men har erfart at det er lurt å bruke tid og bu seg inn for å vite kva løysingar som passar best.

God søndagskveld :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar