søndag 18. desember 2016

Snart JUL!

Hei!
4. desember i advent i dag, og det betyr at neste lørdag er det julafta!
Er du klar...?
Eg er som vanleg ute i siste liten.. 
Men trur eg skal klare å bli ferdig med alle julepresangane utan for mykje stress...
Eg har fått gjort litt i helga, så føler eg har ting under kontroll.
Julepynten er på plass meir eller mindre.

Julepresangane som skulle med posten er sendt innan fristen, men 
då eg skulle pakke inn og skrive på til og frå lappane, oppdaga eg sjølsagt at eg ikkje hadde lappar...
Så då blei det ei heimelaga løysing, små julehjerter med lapp inni.
Blei jo fint :)

No er det snart FINALE i handball em!
Eg skal benke meg foran tven, bite negler, heie og forhåpentligvis juble for gull til slutt. 

God 4 søndag i advent til deg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar