søndag 12. mars 2017

Hei!

Kaffikos er alltid ein viktig del av helga. Det å kunne ta seg tid til å nyte ei stille stund, bla i nokre interiørblader, sjå gjennom instagram og berre slappe av..
(Innimellom alt det ein har tenkt å gjere då sjølsagt;))
Spisestuebordet får påfyll av tøflar etter denne helgas arbeid.
Det siste tøffelparet eg har laga ferdig er eit par revetøflar i str 38/39, dei blir med på kunst og handverk messa.
Endeleg har eg fått lys under kjøkkenskapet mitt, eg viste ikkje kor mykje eg trengte det før eg fekk det. 
Godt lys er viktig, dette merkar eg godt på badet mitt og, der det no er spottar i taket istadenfor eit lite lysrør over spegelen. Dette gjer det godt å stå å jobbe med toving, og då blir produksjonen større!
Slik har eg hatt det lenge no, utan lys.
 Utruleg kva godt lys kan gjere!
Dette er benkeplatebelysning frå IKEA som kan dimmast i 2 trinn.


 Då var denne helga over alt.
Synd den ikkje er litt lengre slik at ein får tid til alt ein har planlagt å gjere..!


Nyt siste rest av søndagen :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar