søndag 19. mars 2017

Hei!
Her er det toving for fullt i helgene, det gjelder å få laga opp nok tøflar og høner til messe..
Kjekt å få tove utan bestilling, då får eg prøve meg på nye fargar, mønster og modellar.
Her er det nokre babytøflar som snart er klare.

 Nye lave tøflar er tova, dette er eit par i str 40/41.
 Dette er eit par i str 38/39.
 Prøvde meg og på eit par store tøflar i str 42/43.
 På kjøkkenbenken min står det stadig nye par til tørk..

I dag har eg vore heime i Gulen ein tur, Breidvik og Bålen bygdelag hadde saman med Brekke bygdekvinnelag søndagskafe og utstilling av dåpskjolar.
Brekke bygdekvinnelag har samla inn dåpskjolar frå nærområdet, over 50 ulike dåpskjolar frå ca 1880 til 2000.
På det siste biletet er den kjolen me har brukt i familien, den i midten med rosa silkeband.
Alle kjolane hadde eit ark med namn på familien som eigde den og litt om historia til kjolen, veldig flott utstilling!
    

Desse hønene måtte leverast, dei ein av premiane på loddboka.

No skal eg sette meg ned og strikke litt..
God Søndagskveld til deg !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar