søndag 9. juli 2017

Hei!

Ei veke med herleg ferie!
Eg hadde ei veke med ferie før eg starta i ny jobb, og den veka vart utnytta til det fulle!
Heldigvis var eg heldig med veret og fekk påfyll av sol, varme og gode minner. Eg var berre heimom og pakka om mellom mc tur, hytte tur og Oslo tur! 

 Bilete av slottet er vel obligatorisk når ein er turist i hodedstaden..
 Oslo turen var planlagt og bestilt i vinter, saman med ei god venninne kjørte me bil nedover, slik at me hadde plass om me skulle finne nokre fine skattar!
Me er begge glad i å gå i bruktbutikkar og loppemarked, så det var vel det einaste me hadde planlagt på turen, at me ville innom nokre bruktbutikkar. 
Me hadde 4 netter på hotell, dagane blei tilbragt med litt shopping og lange pauser i sola med god mat og drikke.
Siste dagen tok me trikken til Grunerløkka, og der likte me oss godt, vekk frå støyen frå sentrum og mange koselige små butikkar.
Antikkvarehuset er ein stor bruktbutikk i markveien, om du er glad i teakmøbler vil du bli svimmel her inne!

 Utruleg mykje flott der inne, meen prisane var litt stive..
Så det vart mest kikking for vår del, bortsett frå lampa eg ikkje klarte å gå ifrå, den skal over spisebordet mitt! 
(Bilete kjem i neste blogginlegg)

Retrolykke kaffebar ligg også i denne gata, anbefalast.



Fine fat frå Norsk Flint Egersung og Porsgrund, desse fant eg faktisk på eit loppemarked på veien heimover.

Ei søt lita teakhylle var ein av dei tinga som var på ynskjelista mi, og jammen fekk eg den for berre 50 kr i ein liten bruktbutikk som skulle selge ut alt!
Akkurat no er det litt diverse armband her, eg manglar nemlig ein plass å oppbevare smykkene mine.. Så det får bli neste prosjekt!
 Det grøne smykket og armbandet falt eg pladask for, 
Angelica Leon design kjøpt i butikken Skaperverket, så enkle og fine!

Det var litt om ferieveka mi, den har gitt meg påfyll av sol, energi og humør!

Og ja, den nye jobben, den trur eg blir bra!

God søndagskveld :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar