søndag 29. juni 2014

Søndag og FERIE!

Då var helga og den store dagen på Gulatingstaden med feiring av 200-års jubileet for grunnlova over!
 Nydeleg ver:)
Selde ikkje så mange tøflar, men det hadde eg heller ikkje så store forventningar til, i desse dager skulle nok alle hatt ein eigen bankterminal... Kontanter er det lite av!
Men mange stoppa og kikka og eg fekk til og med skryt! 
Så alt i alt, fornøgd!
 Gulatingstaden på Flolid i Gulen er verkeleg ein flott plass!

Gulatinget- tusenårsstad for Sogn og Fjordane og Gulen kommune.
“Eit ting var ein stad der politiske avgjerder blei tekne, lover blei handheva og tvistar blei løyste. Tingstadane fungerte som samlingsstader og var ofte sentrum for både handel og religiøs aktivitet. Gulatinget var ei av dei eldste og største tingsamlingane i Norden i mellomalderen.”

 Det store berget framfor scena er ein naturleg stor tribune :)


Dagen idag har vore roleg og avslappande. 
Har jo FERIE :)
Starta med å jage ein sau som er altfor glad i å gå heime rundt husa, framfor å vere på fjellet og nyte ferie, opp att på fjellet for 3 gong..

Brosviksåta i det fjerne..
Langevatnet.





Ein fjelltur i slikt ver og med slik utsikt er rett og slett utrulig herlig!

God veke!
Eg har FERIE, og den skal nytast!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar