tirsdag 10. juni 2014

Tøffelproduksjon...

Pinsehelg og langhelg! 
Eg har sagt ja til å ha ein eigen stand og selje tøflar, den siste helga i juni. Litt skummelt er det, men moro og ;)
 Og sidan lageret mitt ikkje er så stort, må det produserast nye par...
 Og det har blitt produsert bra denna helga, ny rekord!
 Men detta skuldast at eg fekk ein assistent i helga..
Herlig å kunne stå ute og jobbe i slikt ver! Me fekk til og med besøk av nokre nyskjerrige høner.
Den nye assistenten min er ho mor :)
Og ho melde seg heilt frivillig!

No gjenstår berre resten av arbeidet. Sy på sålar og pynt...
God veke til deg! 
Her kjem det til å gå i tøflar ei god stund... ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar