søndag 22. juni 2014

Tøffeli tøffela...

Hei og god søndagskveld :)

Ja her går det i tøffellaging og ferdigstilling...
Eg har nemleg takka ja til å stå med stand på grunnlovsjubileet på Gulatingstaden neste helg... 
Litt skummelt sidan arrangemanget er større enn det eg fyrst trudde, men det blir nok uansett ein kjekke dag, om eg sel 1 par tøflar eller 10 :)
Sjå link her til grunnlovsjubileet i Gulen. 
Ta turen du og!

 Slik ser stova mi ut for tida, lite interiør og mykje tøflar... 

Håpar at nokon likar tøflane mine og at ikkje alt arbeid har vore heilt forgjeves...

Men eg har tatt meg tid til litt anna og denna helga. Laurdag var eg på ein flott sykkeltur ut til skjerjehamn og helsa på kongen.
 (ja det er eit DÅRLIG bilete, var litt sein med å ta fram kameraet..)
Og i dag hadde eg meg ein etterlengta trimtur :)

Berre ei veke att på jobb så er det FERIE!!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar