søndag 15. mai 2016

Hei!
Denne veka har eg tilbragt alle ettermiddagane mine meir eller mindre på terrassen og på hovudet ned i bedet, der eg har gravd og dratt opp busker og røtter. Litt av ein jobb! 
 Sidan bedet har stått urørt i mange år var, graset og buskene heilt filtra i kvarandre og jorda var dermed vanskelig (les umulig) å grave i..
 Men eg greide det til slutt :) 
Lørdag gjekk eg til aksjon med skrape og husvask, all laus maling på vegg og ikkje minst taket måtte vekk. Her ser du forskjellen på før og etter vask, mykje grønske som måtte skrubbast.
 Idag har eg gravd i jorda, fått fylt på med ny jord og planta ned blomster og frø!

 Eg syntest det er vanskelig å planlegge og finne ut kva eg skal plante i eit så stort bed. Men eg måtte no berre starte med noko, så får eg heller plante om og endre på det om det ikkje fungerer.
Litt jordbær og krydderurter, sådd frø til salat, sukkerterter og blomkarse. Så no kan eg sette meg i sofaen og vente på at det skal spire og gro! 
Ja det og så skal eg jo male... Men det blir fyrst til veka når eg får tak i maling.

 Snart 17 mai!
Nyt langhelga og håpe du får ei nydelig 17. mai feiring :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar