søndag 31. juli 2016

 Hei!
Soverommet mitt har fått seg ei oppdatering!
 Då eg pussa det opp og flytta inn, mala eg berre alle veggane kvite slik at eg seinare kunne  tapetisere eller male om når eg fant ut kva eg ville ha.
 Slik såg det ut innan eg tok fatt med malerulla.
 Eg har spekulert og tenkt at eg ville ha ein slags ombre-effekt på veggen. Ombre-effekta er at veggen går frå mørk til gradvis lysare og endar opp i ein heilt lys eller kvit farge til slutt.
Men eg syntest det var veldig vanskelig å vite korleis eg skulle gå fram for å få det resultatet eg ville ha.. Så eg har tråla internett og pinterest for inspirasjon og tips, der fant eg inspirasjonen som blei min fjellinspirerte vegg!
Her kan du sjå biletet og kva som inspirerte meg.


 Eg brukte rett og slett berre ei rulle, starta med kvitmalinga som eg blanda meir og meir grått i for kvart lag.
Det var utrulig kjekt og berre rulle i vei!
 Eg hadde tenkt at eg heilt sikkert måtte ha mange forsøk, og at eg berre kunne male over om eg ikkje likte det, men eg blei fornøgd etter fyrste forsøk! 
 Nyt den siste søndagen i Juli! 

6 kommentarer:

  1. Fantastisk fin vegg :-) klem Siri ;-)

    SvarSlett
  2. ❤️❤️❤️ Utrolig lekkert og inspirerende

    SvarSlett
  3. Detta var juggu stilig!! Trur eg må prøve noe sånt når eg skal pusse opp mitt soverom :-) Du er dyktig Trude :-)

    Ellen

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var veldig enkelt faktisk, og kjekt! Tusen takk for skryt Ellen :)

      Slett