søndag 2. april 2017

Snart i mål...!

Hei!
Her er det som vanleg tøflar som er i fokus for tida..
Neste helg skal eg på ei lita messe heime i Gulen, kunst, mat og husflidsmesse på Oppdalsøyra. 
Messa er både lørdag og søndag, og det gjer det endå verre å vite kor mykje tøflar eg skal lage, kva størrelsar vil folk ha og vil folk ha tøflar, puter eller høner frå kaffipausen...? 
 Eg håpar det! No har eg iallefall eit bra utvalg av tøflar på lager..
Her er det eg har tilbragt mykje av tida mi dei siste helgene, badet fungerer heilt flott til toving!
Og no har eg endeleg fått på plass dusjdøra og.

 Litt kaffipause må ein jo ha..

 I går hadde ei god venninne bursdag, på ønskelista hennar står emaljeskåler med lotusmønsteret frå Catrineholm på toppen.
Så då passa det jo bra med tøflar med lotusmønsteret på!

Og heldigvis blei ho veldig glad for dei :)

Nok ei helg er over, eg har kost meg med spelekveld, vin og gode venninner.
Håpar du og har kost deg i helga!

Nyt søndagskvelden og så sjåast me kanskje neste helg på messe...?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar