tirsdag 11. april 2017

Påskeferie!

Hei!
Ja då var kunst, mat og husflidsmessa vel blåst som det heiter.

Eg og mor mi delte stand, eg med mine tova produkt, og ho med det som vere norges tynnaste og beste flatbrød, tjukke lefser, sydde toalettvesker og pungar frå bestemor design.
Her ser du mor og standen vår, ikkje så lett å ta noko fine bilete, men du ser no at det bugnar på bordet..
 Me er greit fornøgde med salget, kunne vore betre og kunne vore verre. Kjekt var det!
Men eg har mykje tøflar att, så no skal eg prøve å levere tøflar til ein liten butikk som sel heimelaga produkt.
Kjem attende med meir informasjon om det når eg har levert tøflane mine der.

 Nye puter har eg og! 



Ynskjer deg og dine ei riktig god påske! 
Eg skal ha ein tovepause og heller prøve å komme meg ut og trimme litt, slappe masse av og få med meg påskekrim og påskenøtter!


GOD PÅSKE !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar