søndag 23. april 2017

Hei!
Litt forsenka oppdatering frå påska 2017 her.
Eg har rett og slett slappa av og ikkje tenkt så mykje på toving eller blogging idet siste.. 
Påska var fin med mykje nydeleg ver og fleire fjellturar både med familie og åleine.
Her er bilete frå tur til Breidalen heime i Gulen. 
 Tur på stølen er ein tradisjon i påskeferien, og ekstra kjekt er det i slikt nydeleg ver.
 Utsikta frå stølen..

Dei siste dagane tilbragte eg heime i Åsane, her gjekk eg på
 Geitanuken, noko som er aaltfor lenge sidan eg har gjort. 
 No kjem våren endeleg så då får eg håpe at energien og lysta til å komme seg ut å trimme endeleg kjem stormande over meg!




Det har vore godt med fri og tid til å gå på fjelltur, gå igang med våroppryddinga i skap og skuffer, eller rett og slett gjere ingenting..

God søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar