mandag 28. mars 2016

Hei!
Håpar du har hatt ein fin påske!
Det vart vist ikkje blogginlegg igår, men det er jo nesten søndag idag og, sidan det framleis er helg..
Eg har hatt ei heil veke ferie, og det har gjort godt. Fått ordna i heimen litt meir, besøkt venner og vore heime i gulen med familien der det var fullt hus!
 Veret kunne vore betre, men frisk luft er godt uansett.
Favorittlampa mi er komen på plass over kjøkkenbenken, den kjøpte eg på bruktbutikken i Knarvik for eit par år sidan. 
No driv eg og testar kva fliser eg skal ha over benken, og kva størrelse eg skal velge. Ei venninde tipsa meg om å klyppe ut papir i størrelsen til flisene og teipe dei opp, kjempesmart! Dette er str 10x30 cm, og dei flisene eg likte best.


 Då eg var heime i påsken fekk eg hjelp av storebror til å ta ned og kutte litt i toppen på eit gamalt kjøkkenskap, eg likar veldig godt desse gamle skråskapa og håper det passer perfekt over kjøkkenbenken!  
Litt pussing og maling må til først..

I morgon er det kvardag att.. Nyt siste kvelden av påska!



2 kommentarer:

  1. Blir spennende med det gamle skapet, gleder meg til å se! Og lampen passet super fint der :-) mvh Siri M.

    SvarSlett
  2. Jaa eg er spent på skapet eg og! Takk :)

    SvarSlett